...fagleg oppdatering i godt selskap...

SLIK LEVER EG

27. oktober 2021

I 2021 blir Småbarndagane arrangert digitalt den 27.10.21, frå kl 09.00 til kl 14.00. Du følger konferansen på nett ved å trykke HER ( eller lime vimeo.com/event/75723 inn i adresselinja på nettlesaren din).

Vi har eit spanande program også i år;

Tormod Bøe jobber også med Barn i Bergen-studien i ei delstilling som senior- forsker ved RKBU Vest, Norce. I si forsking har han vore oppteken av problemstilling knytt til sosial ulikskap i psykisk helse og negative konsekvensar av barnefattigdom. Han er involvert i ei rekkje epidemiologiske forskingsprosjekt og i intervensjonsprosjekt der ein prøver ut nye løysingar for å betre tilby hjelp og støtte til barn i familiar med levekårsutfordringar.

Katrine Sele er forfattar og journalist. Ho arbeider som kommunikasjonrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet. Bøkene hennar er prega av interesse for, og perspektiv på enkeltmennske sine liv og lagnad i vår tid. Katrine Sele vart tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen i 2008 for framifrå nynorsk, og kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

Hege Kristiansen er spesialist i barnesjukdomar og er tilsett som barnelege i Helse Førde. Ho har i ei årrekkje jobba klinisk med born og unge med fedme, og har ein PhD frå 2020 om sårbare born i eit fedme-fremjande samfunn.

Småbarndagane sine visjonar er kort sagt å sette fokus på ny fagkunnskap for dei minste - på tvers av arbeidsplass og profesjon, og å skape nettverk og engasjement for å jobbe med dei minste barna.

Velkommen til Småbarndagane 2021 den 27.10.21 på ein skjerm nær deg! Meld deg på i dag!