...fagleg oppdatering i godt selskap...

Du og eg, pappa?

23. og 24. oktober 2019

23. og 24. oktober inviterer vi til Småbarnsdagar nok ein gong!
HENNING MOHAUPT, Alternativ til vold, vil på Småbarndagane formilde problemstillingar og kunnskap kring korleis forstå og arbeide med småbarnsfamiliar der partnarvald er ein del av vanskebiletet. Foredraget samanfattar m.a funn frå ei studie med foreldre i terapi for partnarvald og presenterer implikasjonar for korleis terapeutar kan innleie konstruktive samtalar rundt foreldreskap.
ÅSE KRISTINE TVEIT, OsloMet – Storbyuniversitetet, vil førelese om korleis pappa og papparolla vert framstilt i barnelitteratur. Innlegget hennar har fått tittelen, «Kven er pappa i biletbøkene for dei minste».
SVEND AAGE MADSEN, Rigshospitalet i København, vil førelese om kva fødselsdepresjon hos fedre er, og korleis tilstanden kan oppdagast og behandlast. Far sitt samspel med det vesle barnet og konsekvensane for barnet si utvikling vil og vere i fokus.

Vi gler oss til kulturelle innslag, gode lunsjar, og ikkje minst pausar med diskusjonar med fagfolk vi gjerne skulle sett oftare, både i eige og andre fagfelt. To fulle dagar for 1.550,- kroner! Med lunsj! -Det er til å le av! Staden er som vanleg Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Om du vil ha meir informasjon les du i brosjyra.

Velkomne!

 

Godkjenning:
Norsk Psykologforening godkjenner kurset som 9,5t vedlikehaldsaktivitet.
Legeforeningen godkjenner kurset med 11t i Barne- og ungdomspsykiatri og 10 t i Barnesykdommer.
NSF godkjenner kurset med 11t til Klinisk spesialist i sykepleie/ spesialsykepleie.