...fagleg oppdatering i godt selskap...

Leik med meg!

16.-17. oktober 2024

 

NB! Det har snike seg inn feil dagar i brosjyra - det riktige er onsdag 16. og torsdag 17. okt.

 

Vi kan glede oss til eit eit rikholdig program i år også, og gler oss til gode møter med kolleger i barnefeltet, fagleg oppdatering og kulturelle opplevingar. Desse kan du oppleve på Småbarnsdagane i år;

MAREN ØSTVOLD LINDHEIM er psykologspesialist, og jobbar ved Avdeling for barn og unge si psykiske helse ved Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet. Ho har lang erfaring med å hjelpe barn og familiar der barnet har erfaringar knytt til somatisk sjukdom, smerter, og krevjande undersøkingar og behandlingar. Ho driv Friluftssykehuset OUS, og er oppteken av å skape tryggleik og meistring gjennom å spele på lag med barna sine ressursar og utviklingskrefter. Lindheim har skrive artiklar om klinisk hypnose og den terapeutiske effekten av naturopplevingar. Lindheim er også utdanna som forteljar, og formidlar barna sitt perspektiv på ein levande måte.

SIV ØVSTHUS  er skodespelar og sjukehusklovn. Ho starta Helseklovnane og introduserte sjukehusklovning på Haukeland sykehus i 2000. Siv er teaterlærar og har opplæring av nye klovnar for sjukehusklovnane, og held foredrag om kunst og helseklovnar. Siv er oppteken av “her og no” - teater, improvisasjon, og det som skjer i dei mellommenneskeleg møta “der det kan oppstå ei magisk kraft.”.

MAY BRITT DRUGLI  er ph.d.i pedagogikk og er professor ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge – psykisk helsevern og barnevern (RKBU) ved NTNU, og professor II ved Høgskolen i Innlandet. Ho er involvert i fleire forskingsprosjekt om små barn i barnehage. Drugli har lang erfaring frå utviklingsarbeid med merksemd på relasjonskvalitet innan barnehage og skule. Ho har gitt ut fleire fagbøker, samt ei rekkje vitskapelege artiklar og fagartiklar. Drugli er ein mykje brukt føredragshaldar på tema små barn i barnehage. Innlegget om barnehagekvalitet og samspel vil omhandle ein modell for å jobbe med samspelkvalitet  å småbarnavdelingar, Trygg før 3 år. Innlegget vil òg ta føre seg foreldresamarbeidet og merksemd på vaksenrolla i møte med særskilt sårbare barn.

ANITA SKOGSTRAND  er barnehagelærar og spesialpedagog tilsett som seniorrådgjevar ved Regionsenteret for barn og unge si psykiske helse RKBU Vest. Ho har brei erfaring frå arbeid i barnehagar som pedagogisk leiar, styrar og spesialpedagog. Ho er særs oppteken av betydninga av at barn skal ha det trygt og godt i barnehagen. Leiken si  betydning i barna sine liv, og kor viktig det er å sørge for at alle er inkludert. I innlegget om frileik på godt og vondt vil ho òg kome inn på det som kan bli vanskeleg i det sosiale samspelet mellom barn, og kva vaksne må vere merksame på.


Godkjenning: Kurset vert søkt godkjent av Dnlf, og NPF for vidare og etterutdanning og NSF, meritterande for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/ spesialsjukepleie. Oppdatert informasjon om godkjenning av kurs vert lagt ut på nettsida.


 

Velkommen til Småbarndagane! Meld deg på i dag!