...fagleg oppdatering i godt selskap...

Liten og tøff?

24. og 25. oktober 2018

24. og 25. oktober kan vi på ny invitere til Småbarnsdagar på Scandic Sunnfjord Hotell & Spa i Førde. Kåre Svang er fagspesialist og etterforskingsleiar i Kripos, og har jobba med etterforsking og mishandling av alvorlig vold/ drap mot barn i 15 år. Einar R. Heiervang, dr. med., er professor i barne- og ungdomspsykiatri ved Universitetet i Oslo og overlege ved Oslo Universitetssykehus. Han har leia studien "Barn i Bergen" og arbeider no m. a. med ein studie om små barn som barnevernet tek over omsorga for (CARE). Han vil fortelle om førebelse funn i studien, og kva nytte barnevernet ser i å få barnet utgreidd tidleg for å lage tilpassa hjelpetiltak. Brynjulf Jung Tjønn debuterte i 2002 med romanen "Eg kom for å elske". Han fekk Brageprisen i 2013 for ungdomsromanen "Så vakker du er", som og vart vist som framsyning på Sogn og Fjordane teater. I den siste boka "Alt det lyse og alt det mørke" skriv han nært og omsorgsfullt om omsorgssvikt. Per Isdal er psykologspesialist og psykoterapeut. Han er ass. direktør, leiar for region vest og ATV Stavanger. Han etablerte Alternativ til vold i 1987, og har brei erfaring på området, og har fått ei rekke utmerkingar. På Småbarndagane vil Per Isdal snakke om tema liten og vitne til vald i familien/ heimen, korleis forstå åtferda og det emosjonelle grunnlaget, hjelparane i barnehagen, regulering og koregulering, samt sjølvregulering hjå den vaksne og tiltak og rammer for arbeidet.

Vi gler oss og til opning av Inge Nordhaug, som nyleg gav ut boka "Kva ser vi, kva gjer vi?". Vi gler oss til kulturelle innslag, gode lunsjar, og ikkje minst pausar med faglege diskusjonar fagfolk i eige og andre fagfelt vi kanskje ser litt sjeldan. Framleis held vi prisen latterleg lav, kun 1.450,- kroner! To fulle dagar, med lunsj! -Det er nesten kritikkverdig billig! Om du vil ha meir informasjon les du i brosjyra.

Velkomne!

 

Det har kome til nokre endringar i programmet:

Onsdag 24.10.18 kl.15.00      Statens barnehus, avdeling Førde. Etablering i Sogn og Fjordane, og dei minste borna sitt møte med barnehuset.
Torsdag 25.10.18 kl.14.30      Norske kvinners sanitetsforening
Torsdag 25.10.18 kl.14.45      Høgskulen på Vestlandet – Vidareutdanning Psykososialt arbeid med barn 0-4 år

 

Godkjenningar:
Den norske Legeforening: Allmennmedisin: godkjennes med 9 valgfrie kurspoeng til videre- og etterutdanningen. Barnesykdommer: godkjennes med 9 timer som valgfritt kurs for leger i spesialisering og
spesialistenes etterutdanning. Barne- og ungdomspsykiatri: godkjennes med 9 timer som valgfritt kurs for leger i spesialisering og spesialistenes etterutdanning.

Norsk Psykologforening: Kurset «Liten og tøff?» godkjennes som 8 timers vedlikeholdsaktivitet.

Kurset er godkjent av NSF som meritterende med totalt 11 timer i henhold til kurstimekravet i NSFs godkjenningsordning til klinisk spesialist i sykepleie/ spesialsykepleie.


 
Fatal error: Uncaught Error: Call to undefined function mysql_free_result() in /customers/9/4/0/smabarnsdagane.no/httpd.www/index.php:210 Stack trace: #0 {main} thrown in /customers/9/4/0/smabarnsdagane.no/httpd.www/index.php on line 210